Ansøgningsfrist: 30-09-2021

Ein av dei viktigaste kunnskaps- og  formidlingsinstitusjonane i Rogaland søker ny direktør.

Vår driftige og dedikerte direktør gjennom 35 år skal gå av med pensjon. Derfor søker Jærmuseet ein tydeleg og engasjert direktør til å leia og vidareutvikla museet som kunnskaps-, formidlings- og forskingsinstitusjon.

Direktøren har det overordna faglege og administrative ansvaret for utvikling og drift av museet/vitensenteret. Hovudoppgåva er å utarbeida strategiar, mål og handlingsplanar som utviklar og profilerer Jærmuseet som ein viktig og relevant samfunnsinstitusjon.

Me søker ein fagleg sterk og samlande leiar med god organisasjons- og samfunnsforståing, som saman med dyktige medarbeidarar fremjar museet sin unike posisjon regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsoppgåver
Direktøren vil vera ansvarleg for å utvikla organisasjonen, leia den utoverretta verksemda og halda kontakt med museet sine mange ulike samarbeidspartar og nettverk.

Dei mest sentrale oppgåvene er:

  • Halda tett kontakt med stiftarkommunane, fylkeskommunen og andre offentlege aktørar
  • Søknader og rapporteringar til ulike forvaltningsnivå og tilskotsytarar
  • Representera Jærmuseet i relevante fora regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • Overordna økonomi- og budsjettansvar
  • Sikra og styrka museet sitt finansieringsgrunnlag
  • Saksførebuing, kontakt og rapportering til styret

Link til utfyllande stillingsomtale:
https://bit.ly/3DkzZDs

Ønska kvalifikasjonar
Som kombinert museum og vitensenter skal me både dokumentera og formidla den nyare historia til regionen, og samstundes skapa interesse for naturvitskap og teknologi.

Leiaren me ser etter har relevant høgare utdanning på minimum mastergradsnivå; til dømes historie, kulturfag, samfunnsfag og/eller realfag.

Du må ha brei leiarerfaring, god økonomisk forståing, sterke kommunikasjonsevner og samarbeidseigenskapar, og god formuleringsevne på norsk og engelsk. Jærmuseet nyttar nynorsk som administrasjonsspråk.

Alle tilsette i Jærmuseet må leggja fram politiattest.

Me tilbyr
Du får leia og vidareutviklinga ein veldriven kultur- og kunnskapsinstitusjon som er viktig både regionalt og nasjonalt. Jærmuseet har ryddig økonomi, god driv, og du må trivast med høgt tempo i arbeidskvardagen.

Museet har høge ambisjonar og tydelege mål, og rett person vil kunna engasjera seg ut over museet og regionen. For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med Personalhuset ved Christin Møller - telefon 928 56 829, eller Stine Flø Riksheim - telefon 982 95 179. Du kan også kontakta Jærmuseet ved styreleiar Endre Skjørestad - telefon 911 16 128.

Om arbeidsgiveren
Jærmuseet er ein av dei viktigaste kunnskaps- og formidlingsinstitusjonane i Rogaland, samt regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, og regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Museet har 70 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i tillegg til det omreisande vitensenteret Science Circus. Jærmuseet har eit årleg samla besøk på om lag 200 000 gjester.

Som vitskapleg institusjon skal Jærmuseet dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling. Museet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi. Me inviterer publikum til å utforska kunnskap gjennom aktivitetar og opplevingar.

I 2009 fekk Jærmuseet prisen for "Årets Museum" i Noreg. Same året vann òg museet "The Luigi Micheletti Award" for beste nyskapande utstillingar, som formidlar naturvitskap og teknologi innafor kulturhistoriske rammeforteljingar. Du kan lesa meir om oss her: www.jaermuseet.no.

 

Søg stillingen her

Publiceret:
03/09/2021